1. Kyrkjeleg Fellesnemnd for samanslåing av kyrkjelege fellesråd i Selje og Eid skal ha 4 medlemer m/varamedlemer frå kvart av dei to fellesråda. I tillegg er prosten i Nordfjord fast medlem i nemnda. Kyrkjeverjene har møte og talerett i fellesnemnda. Fellesnemnda konstituerer seg sjølv på første møte.

  2. Fellesnemnda trer i funksjon omgåande etter at den er konstituert. Funksjonstida er fram til samanslåingsdato 01.01.2020. (det nye fellesrådet trer då i kraft)

  3. Fellesnemnda får fullmakt til å førebu budsjett og økonomiplan for det første driftsåret i det nye fellesrådet, herunder også gjennomføre drøftingar med kommunen/kommunane om framtidige økonomiske rammer. Endeleg budsjettvedtak vert gjort av det nye fellesrådet etter konstituering.

  4. Fellesnemnda har fullmakt til å tilsetje/oppnemne  prosjektleiar for samanslåingsprosessen; samt avgjere stillingsstorleik og avlønning.

  5. Fellesnemnda skal utarbeide og vedta eige budsjett for samanslåingsprosjektet.

  6. Fellesnemnda har fullmakt til å vedta framdriftsplan for prosessen.

  7. Fellesnemnda har fullmakt til å opprette eit felles, partssamansett utval som handsamar tilhøvet mellom den nye eininga som arbeidsgjevar og dei tilsette. (jfr. Kyrkjelova §35)

  8. Fellesnemnda førebur og kjem med tilråding til tilsetjing kyrkjeverje for det nye fellesrådet. Endeleg tilsetjing vert gjort i fellesmøte mellom fellesråda i Selje og Eid.

  9. Fellesnemnda har fullmakt til å framforhandle og inngå nye tenesteytingsavtaler med fellesnemnda for kommunane.

  10. Fellesnemnda har fullmakt til å utarbeide og vedta funksjons- og bemanningsplan for den nye verksemda.

  11. Fellesnemnda har fullmakt til å utarbeide nye arbeidsavtaler, stillingsbeskrivingar og arbeidsplaner i samarbeid med tillitsvalde.

  12. Fellesnemnda har fullmakt til å føreslå nivå på festeavgift til den kommunale fellesnemnda.

  13. Fellesnemnda har fullmakt til å vedta betaling for bruk av kyrkjer, stell av graver, m.a. i den nye verksemda.

  14. Fellesnemnda har fullmakt til å forhandle fram, og inngå, nye leigeavtaler til kontor dersom det er naudsynt for den nye verksemda.

  15. Vedtak i fellesnemnda skal vere samrøystes. Om ikkje dette er tilfelle skal spørsmålet/saka leggast fram for dei to fellesråda til avgjerd i fellesmøte. Vedtak i fellesmøtet gjerast ved vanleg fleirtal.