Utvalet skal handsame saker som gjeld tilhøvet mellom det nye kyrkjelege fellesrådet som arbeidsgjevar og tilsette, jamfør Kommunelova §25, Inndelingslova §26 og Hovudavtalen.
Utvalet skal gi uttale i saker som vedkjem overordna personalpolitiske spørsmål, retningsliner og planar i samband med samanslåinga av kyrkjelege fellesråd.
Partssamansett utval - PSU
Frå fellesnemnda:
Jan Magne Heggedal (leiar), Bryggja - pers. vara: Einar O. Midtbø
Sylvi Olsson (nestleiar), Selje - pers. vara: Leif Johnny Prestvik
Tone Lillian Stokke, Eid - pers. vara: Lars Frode Humborstad
Frå dei tilsette:
Per Røyset, Selje - pers. vara: Jon Inge Sigerland
Marta Elvebakke, Eid - pers. vara: Finn Arve Sundal
PARTSSAMANSETT UTVAL - MANDAT OG OPPGÅVER
I sak 06/17, i møte 13.11.17, gjorde fellesnemnda slikt vedtak:
- Det vert oppnemnt eit partssamansett utval/administrasjonsutval som skal handsame, og gje uttalet til alle spørsmål som berører tilhøvet mellom arbeidsgjevar og tilsette før handsaming i fellesnemnda
- Utvalet skal vere på 5 personar, der fellesnemnda oppnemner 3 medlemer med 3 varamedlemer og dei tilsette oppnemner 1 medlem med varamedlem frå dei to fellesrådsområda.
- Utvalet handsamar saker som administrasjonsutval slik det framgår av Hovedavtalen (HA) § 10-1 a og b
- Partssamansett utval har ikkje eige vedtaksmynde men er tilrådingsorgan for kyrkjeleg fellesnemnd
- Utvalet trer i funksjon frå d.d. – og skal også fungere som administrasjonsutval i Stad Kyrkjelege Fellesråd (etter 01.01.2020) inntil det nye fellesrådet har fått valt eige administrasjonsutval