Stad: Selje kyrkje
Tid: laurdag 17.januar kl. 17.00 - søndag 18.januar kl.12.30
Alder: 5.- 6. trinn
Pris: 100,-
«Lys Vaken» betyr ikkje at vi skal vere vakne heile natta, men at vi skal vere vakne for oss sjølv, det som skjer rundt oss, for kvarandre og for Gud.
Program:
Vi skal ha lyssamling, syngje, gå på oppdagingsferd, ete pizza, løyse oppgåver, høyre forteljing, sove og mykje meir.
Søndag kl.11.00 avsluttar vi med familiesamling.
Då kjem familiane og blir med.
Det vert vaken nattevakt, og barna vil få mat og elles alt dei treng til alle måltid og hobbyaktivitetar.
Ta med:
Sovepose, liggjeunderlag, toalettsaker, pyjamas, bibel, inne- og uteklede.
Påmelding her innan tysdag 13. januar
Viss det er noko de lurer på, er det berre å ta kontakt!
Med venleg helsing
Eline Sandnes, kyrkjelydspedagog
mobil: 918 77 062
m/fleire