Kong Harald V av Norge er død


Kong Harald V av Norge er død


Det er med djup sorg vi mottok meldinga om at H.M. Kong Harald V døde i dag.

Kong Harald V, Foto: Jørgen Gomnæs, Det kongelige hoff

I samband med dette vil vi ringe med kyrkjeklokkene frå alle kyrkjene i Stad mellom kl. 12-13. I Eid kyrkje ringer ein med klokkene mellom kl. 13-14. Den offisielle kondolanseprotokollen for kyrkjene i Nordfjord prosti vil ligge i Eid kyrkje fram til kongen si gravferd. Eid kyrkje vil vere opa for signering og lystenning i dag fredag mellom kl. 14-20. Søndag er kyrkja opa mellom kl. 12-16. Om ein vil ta med blomar kan desse leggjast ned ved sidan av trappa ute. Meir informasjon om arrangement og opningstider kjem seinare.

Foto: Jørgen Gomnæs, Det kongelige hoff

Tilbake