Ny sokneprest i Eid sokn


Søndag 26. september blir Beate Folkestad Osdal innsett som ny sokneprest i Eid sokn.

 

Beate Osdal er godt kjend for oss frå før. Ho var kateket i Eid i tidsrommet 2013 - 2017, og etter det har ho både teke utdanning som prest og vore sokneprest i Vågsøy eit par år.

Vi gler oss til samarbeid med Beate igjen, og ynskjer henne lukke til som sokneprest i Eid!

(Biletet er teke i samband med ordinasjon i 2019.)

Sjå den fine artikkelelen om Beate i Fjordabladet her