Kveldsgudsteneste i Eid kyrkje


Kan det freiste med kveldsgudsteneste midt i veka?
Kom og prøv siste torsdag i månaden!

 

Vi startar opp med kveldsgudstenester i Eid kyrkje.
Dette er for alle som har lyst å bli med på ei enkel gudsteneste med lovsong, bøn og tale.
Knut Gjengedal er liturg og Asbjørn Eikenæs og Magni Myklebust leier det musikalske. Ulike gjestetalarar bidrar med refelksjonar ut frå Bibelen.
Kveldsgudstenestene blir siste torsdag i september, oktober og november med oppstart 30.september. Då vil Knut Gjengedal tale over temaet: «Er kristendomen sann? Finst Gud?»
Det blir også bønevandring og nattverd.

Velkomen til ein kveld i kyrkja!