Kveldsgudsteneste i Eid kyrkje 7. april


Kveldsgudsteneste med undervisning om bøn!

 

Torsdag 07.april på kveldstid blir det igjen kveldsgudsteneste i Eid kyrkje. Dette er for alle som har lyst å bli med på ei enkel gudsteneste med lovsong, bøn og tale. Knut Gjengedal er liturg og Asbjørn Eikenæs og Magni Myklebust leier det musikalske. Ulike gjestetalarar bidrar med refleksjonar ut frå Bibelen.

 

Denne torsdagen kjem Ragnhild Humberset  (bilde). Ho er 70 år og kjem frå Volda, der ho også bur. Ho har jobba som lærar i grunnskulen til ho vart pensjonist. Ho er medlem i Den Norske Kyrkja, men også aktiv i det tverrkyrkjelege arbeidet i Volda. Ho er leiar av «Damer i byen, Volda» og aktiv i Bønehuset. Ragnhild trur på bøna si makt og bruker mykje tid i bøn.

 

Denne torsdagen er temaet Kvifor og korleis kan vi be. Det blir også bønevandring og nattverd.

 

Velkomen til ein kveld i kyrkja!