Musikk til trøyst og ettertanke


Selje kyrkje, fredag 4. november kl. 18:00

 

Allehelgensdag/Helgemesse er dagen vi går til kyrkjegarden og minnest våre
kjære. Det er ein dag som rører oss alle, men mest de som har mist ein av
dykkar kjære siste året. Dei vil vi minnast i kyrkja ved å lese namnet deira og
tenne lys for dei.
Sorga er tung å bære. Sorga gjer oss ordlause, vi veit ikkje kva vi skal seie.
Noko rører ved dei inste hjarterøtene våre som ingen andre kan forstå.
Men musikken og songen kan opne opp for det orda ikkje kan uttrykke. Vi vil
difor innby dykk til ein kveld fredag før Allehelgensdag som vi har kalla Musikk
til trøyst og ettertanke. Vi får vere saman og dele eit fellesskap der ikkje ord og
meiningar men tonane og musikken kan få opne våre sinn og sansar.
Edvard Hoem har skrive ein vakker salme om sorg der han seier:
Trø stilt der sorga herjar. La saknet finne fred.
Den største sorg er heilag. I den skal under skje!

Ja, det er sant som Edvard Hoem seier: Vi skal trø stilt der sorga herjar. Men vi
skal ikkje la vere å bry oss. Og det vi får vi får dele med kvarandre blir litt lettare
å bære !
Selje kyrkje fredag 4. nov. kl. 18:00
Denne kvelden får du m.a. høyre
Sølvi Hopland, Anne Liv Hodne, Renate Nekstad
Jon Inge Sigerland
Sokneprest Matias Austrheim
Alle er velkomne