SKJERPA SMITTEVERNREGLAR


Nye smittevernreglar gjer at gudstenester og aktivitetar i kyrkja ikkje vil gå som normalt dei neste vekene.
Gravferd med maks 50 deltakarar kan likevel gjennomførast.
- Vi hadde håpet at året skulle starte annerledes. Når Norge stenger ned i to uker, må kirken også forholde seg til det, seier direktør i Kyrkjerådet, Ingrid Vad Nilsen.
Den nye nasjonale nedstenginga vil påverke samtlege planlagde aktivitetar i kyrkja. Dette vart klart etter eit møte mellom kyrkjerådsdirektøren, preses i Bispemøtet, KA og Norges Kyrkjeverjelag om dei nye restriksjonane regjeringa presenterte søndag kveld.


Dette er dei nye smittevernreglane for kyrkja frå 4. januar:
•    Tillate med max 50 deltakarar i gravferd, og max 10 deltakarar på andre arrangement.
•    Planlagde gudstenester, samlingar og faste aktivitetar for alle aldersgrupper vert enten haldne digitalt eller avlyste til og med 18. januar.
•    små enkeltsamlingar eller seremoniar med inntil 10 deltakarar kan gjennomførast når ein lokalt vurderer det som nødvendig (for eksempel dåp, vigsel, diakonale tiltak/sjelesorg, innspeling av digital gudsteneste o.l.).

Ta kontakt med kyrkjekontora på Nordfjordeid eller i Selje om du er usikker. 

Kyrkjeverja i Stad