Ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar


Stad kommune består av dei to tidlegare kommunane Eid og Selje i tillegg til området
Bryggja/Totland som vart overført frå tidlegare Vågsøy kommune. Kommunen ligg lengst
nord i Vestland fylke, har ca. 9500 innbyggjarar og eit godt utbygd kultur-, skule- og
fritidstilbod. Kommunesenteret Nordfjordeid er også handelssenter for både
Nordfjordregionen og deler av Sunnmøre.

 

Stad kyrkjelege fellesråd har 7 sokn, 8 kyrkjer og 11 kyrkjegardar/gravplassar - frå
naturskjønne omgjevnader ved Hornindalsvatnet i Heggjabygda i aust i til Ervik heilt ute mot
storhavet ved Vestkapp. I fellesrådet sitt område ligg heilagøya Selja med klosterruinar frå
mellomalderen og legenda om Sta. Sunniva. Selje er også eit av fire regionale pilegrimssenter
på kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim. I nærområdet ligg også Dragseidet med
steinkrossen på staden der Olav Tryggvason kristna 4 fylke i år 997.
Hovudkontoret til Stad KF ligg i Eid Kyrkjetun på Nordfjordeid, like ved Eid kyrkje. Det er
også kyrkjekontor i Selje. Nordfjordeid er prostesete i Nordfjord og prosten sitt kontor er
samlokalisert med fellesrådet. Det er totalt 4 prestar som har teneste i kyrkjene i
fellesrådsområdet og fellesrådet har sjølv i alt 22 tilsette i heil- og deltidsstillingar.

Noverande kyrkjeverje går av med pensjon frå årsskiftet 2020/2021 og vi søkjer no
etterfølgjar i 100% stilling. Tiltredelse i stillinga etter avtale – men gjerne før årsskiftet.

Ansvar og oppgåver:
- Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd etter gjeldande lover føreskrifter og
målsetjingar.
- Personalansvar, HMT-ansvar og leiing for alle fellesrådstilsette.
- Økonomisk og administrativt leiaransvar, herunder også plan- og budsjettansvar
- Ansvar for kontakt med kommune, bispedøme, sentrale kyrkjelege organ og andre
samarbeidspartar
- Utarbeiding og gjennomføring av planer og prosjekt
- Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar
- Sakshandsaming og sekretærarbeid for fellesråd og administrasjonsutval, samt andre
utval etter avgjerd av fellesrådet
Innhaldet i stillinga vil bli utvikla i samarbeid med stillingsinnehavar i høve fellesrådet
sine prioriteringar og intern organisering av Den Norske Kyrkja.

Ynskjelege kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet, samt kompetanse og erfaring innan
økonomi, administrasjon og leiing. Erfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt
og kan i nokre tilfelle erstatte formell utdanning.
- Kjennskap til Den Norske Kyrkja si organisering og ideologi.
- Kunnskap og forståing for historiske verdiar.
- Kjennskap til offentleg forvaltning
- Evne til å arbeide sjølvstendig og til å motivere medarbeidarar.
- Evne til samarbeid – men samstundes resultatorientert.
- Det er krav om medlemsskap i Den Norske Kyrkja

Fellesrådet kan tilby:
- Ei spanande leiarstilling med varierte oppgåver og motiverte og dyktige medarbeidarar.
- Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP
- Medlemsskap i kyrkjeverjenetteverk
- Godtgjersle for bruk av eigen bil etter gjeldande regelverk

Meir informasjon om Stad kyrkjelege fellesråd og Stad kommune finn ein på www.stadkyrkje.no og www.stad.kommune.no

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt:
- Leiar i Stad Kyrkjelege fellesråd, Torfinn Myklebust, tlf. 481 49 494
eller
- Kyrkjeverje Kristen Hundeide, tlf. 970 34 535

Søknad med CV og kopi av vitnemål/attestar sendast til:
Stad Kyrkjelege fellesråd
v/kyrkjeverja
Postboks 5
6771 Nordfjordeid

eller som e-post til: kyrkjeverja@stad.kommune.no

Søknadsfrist: 1. november 2020